TV 2: Linea (14) døydde – saka mot Bergen legevakt henlagt
Politiet har henlagt saka etter dødsfallet til 14 år gamle Linea Solheim Hjortland.
Det melder TV 2, som får dette meld frå foreldra sin bistandsadvoktat Siren Preto.
Hjortland døydde av blodpropp i lungene 30. september i fjor.
Då hadde ho oppsøkt fastlege og Bergen legevakt gjentatte gonger med store pustevanskar saman med foreldra.
Foreldra melde Bergen legevakt til politiet etter dødsfallet.
Ifølgje Preto har politet henlagt saka fordi dei meiner det ikkje er grunnlag for vidare etterforsking, skriv TV 2.
Ho seier vidare at foreldra vil klage på avgjerda.