Brann ute av kontroll i fjellterreng i Kinn
Politi og brannvesen har rykt ut til ein brann som tidlegare var kontrollert i eit beiteområde i Kinn kommune.
– Det er vanskeleg å «slå ned» brannen, men ikkje fare for bygg eller høgspentmaster i området no. Det skriv operasjonsleiar Frode Kolltveit i politiloggen.
Tidlegare laurdag meldte 110-sentralen at det går føre seg sviding av beitet i området.