England kallar kinesisk diplomat inn på teppet
Den britiske utanriksministeren Jesse Norman har kalla Kina inn på teppet etter ein valdsepisode ved det kinesiske konsulatet i Manchester.
Under ein demonstrasjon utanfor konsulatet på søndag blei ein person dratt innanfor gjerdet og banka opp.
– Utanriksdepartementet har bede om eit møte for å uttrykke regjeringa si djupe misnøye etter hendinga, og for å be om ei forklaring, sa Norman i parlamentet i dag.
Konsulatet er på formelt sett på britisk jord, men styresmaktene kan ikkje gå inn utan løyve frå Kina.
Ein britisk politibetjent gjekk til slutt inn på området og drog ut mannen.