Liverpool kanskje til Dortmund
Liverpool kan kome til å gjeste Jürgen Klopps gamle heimebane i Dortmund når dei møter Midtjylland i meisterligaen 9. desember.
Kampen kan ikkje spelast i Midtjyllands heimby Herning fordi Storbritannia krev to vekers karantene for alle som kjem frå Danmark.
Borussia Dortmund tilbyr seg å arrangere kampen, men UEFA har enno ikkje stadfesta kampstad.
Liverpool-manager Jürgen Klopp trena Dortmund til Bundesliga-siger i 2011 og 2012.