Thomsen langt unna OL-kravet
Kulestøtar Marcus Thomsen gjorde i kveld eit nytt forsøk på OL-kravet i tsjekkiske Ostrava. 22-åringen endte med ein sjetteplass med 20,42 som beste resultat. Det er eit stykke bak den norske rekorden på 21,01 han sjølv sette i innandørs-NM i Bærum sist helg og OL-kravet på 21,10. Konrad Bukowiecki frå Polen vann konkurransen med 21,88 og årsbeste i verda.