Sjukdom i langrennsleiren
Fleire av langrennsgutta har vore småsjuke etter verdscupopninga i Ruka, men nå er alle utanom Sindre Bjørnestad Skar er friske og klare til start.
– Per nå er alle friske og raske. Det er berre Sindre som ikkje går i helga grunna sjukdom. Det var ein del som følte seg litt pjuske etter heimreisa frå Ruka, men det var heldigvis kortvarig, seier landslagstrenar Eirik Myhr Nossum.