Benzema redda Real
Karim Benzema scora kampens einaste mål etter 64 minutt og berga sigeren for Real Madrid i bortekampen mot Sevilla.
Real er dermed på andreplass etter seks serierunder, berre på målskilnaden bak Athletic Bilbao. Berre eitt poeng skil dei seks beste på tabellen.