Tap for Frisk Asker i meisterligaen
Frisk Asker gjekk på sitt fjerde strake tap i meisterligaen i ishockey. Laget tapte heile 4–0 for austerrikske Klagenfurt. Dei regjerande norske meistrane fekk mange mogelegheiter til å spele i overtal, men klarte aldri å få pucken i mål. Laget har att å spele to kampar.