Dømde etter sjokkbrekk i Bergen og på Kløfta
Tre rumenske statsborgarar er dømde til fengsel i to år og ni månader og to år og seks månader, etter innbrotet ved Arven Gull- og Sølvvareverksted i Bergen i fjor haust.
Tjuvane fekk med seg varer til ein verdi av 5,6 millionar kroner.
Dei vart også dømde for innbrot og tjuveri frå Romerikssenteret på Kløfta i Ullensaker. Her skal tjuvane ha fått med seg varer for 690.000 kroner.
Dei tre blir også dømde til å betale 3 millionar kroner i skadebot både til Arven og forsikringsselskapet til butikken på Kløfta.