Den iranske legestudenten tok vakter ved Lærdal bu- og omsorgsheim
Den iranske legen som har truga regimemotstandarar på TikTok, tok også vakter på Lærdal bu- og omsorgsheim, skriv Sogn Avis.
Førre veke omtalte NRK studenten som spelte inn videoen med truslar medan han var på jobb på Lærdal sjukehus. Helsedirektoratet skal ha varsla PST, men ikkje Lærdal sjukehus om legestudenten som ikkje hadde gyldig legelisens.
Lærdal kommune var heller ikkje informert om situasjonen, seier kommunedirektør Gunn Lærøy til Sogn Avis.
– Han hadde ein avtale om tilkalling som pleiemedhjelpar og har teke nokre vakter, seier Lærøy.
Ho påpeikar at det er andre krav til pleieassistentar enn legar, men informerer om at studenten ikkje har hatt fleire vakter ved senteret sidan nyheita vart kjent.