Røde Kors: Glad for utfyllande forklaring frå kronprinsessa
Røde Kors seier dei set pris på at kronprinsesse Mette-Marit i eit intervju har svart på spørsmål om kontakten ho hadde med den overgrepsdømde Jeffrey Epstein.
– Vi set pris på at kronprinsesse Mette-Marit no har gjeve ei meir utfyllande forklaring for relasjonen til Epstein. Ho har blant anna gjort det klart at ho ikkje kjente til overgrepa han var dømd for då dei innleia kjennskapen, seier kommunikasjons- og samfunnsredaktør Andreas Bjørnstad i Røde Kors til NTB.
Han seier dei vil gå gjennom forklaringa og ta stilling til kva dei skal gjere med beskyttarskapen til kronprinsessa.
Fleire organisasjonar har tidlegare sagt frå seg beskyttarskap etter at frigjevne dokument viste at det i ein periode var tett kontakt mellom kronprinsessa og Epstein.