BT: Tiltalt for barneekteskap etter varsel frå barnevernet
Ei mor og ein mann i 30-åra er tiltalte for å arrangere barneekteskap, melder BT.
Politiet meiner ei mor skal ha gifta vekk si 15 år gamle dotter til ein mann i 30-åra.
Mora og mannen vart pågripne for om lag eit år sidan, og dottera vart køyrd til barnehuset i Bergen.Årsaka til pågripinga var eit varsel frå barnevernet og ein video som viste jenta i kvit kjole og mannen i svart dress. Rundt dei stod fleire menn.
Mannen erkjenner ikkje straffskuld, opplyser BT, som ikkje har fått kontakt med mora sin forsvarar.