Regjeringa vil kunne flytte elevar ut av klassen utan samtykke
Regjeringa føreslår at skular skal kunne ta elevar ut av klassen i ein periode, utan samtykke frå elev eller foreldre, opplyser dei i ei pressemelding.
Tiltaket skal gjelde i inntil fire veker, med mogleg forlenging éin gong, dersom åtferda går alvorleg ut over tryggleiken eller læringa til andre.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) seier skular treng fleire verkemiddel overfor det ho omtalar som elevar som «øydelegg for fellesskapet».
Reglane i dag er at elevar kan bli bortvist i korte periodar utan rett til opplæring, eller bli flytta permanent til ein annan skule.
Regjeringa meiner endringa vil gi betre læring og tryggleik, men understrekar at eleven framleis skal få opplæring og kunne vende tilbake til klassen.