Melkøya: Regjeringa meiner at Frp set arbeidsplassar i fare
Energiminister Terje Aasland (Ap) meiner Framstegspartiet framstår som «uansvarlege og utan truverd» etter at partiet har valt å støtte eit forslag som kan stoppe elektrifiseringa av Melkøya i Finnmark.
– Frp har gjort endå ei snuoperasjon og framstår uansvarlege og utan truverd. Dei meiner éin ting den eine dagen og det motsette den neste. Det skaper stor politisk risiko for industri og næringsliv som vil investere i Noreg, og set tusenvis av arbeidsplassar i fare, seier Aasland.
Også leiar av energikomiteen, Mani Hussaini (Ap) er kritisk.
– Det er det siste norsk næringsliv treng, seier Hussaini.
Kritikken kjem etter at Frp har valt å støtte eit forslag frå Raudt om å omdisponere krafta som er sett av til elektrifiseringa av Melkøya, slik at andre aktørar kan søke om nettilgang.
Tidlegare i januar sa Frp at partiet ikkje lenger ville arbeide for å stanse elektrifiseringa fordi prosessen hadde kome for langt, men støttar no likevel forslaget om å omdisponere krafta som er tildelt prosjektet.
Også KrF støttar forslaget, som frå før har støtte frå Sp, SV, MDG og Raudt.
Med støtte frå Frp har forslaget fleirtal i energi- og miljøkomiteen, og det ligg an til nederlag for regjeringa i Stortinget.
Striden om elektrifiseringa av Melkøya handlar om ein skal bruke straum frå land i staden for gass til å drive LNG-anlegget der Equinor produserer gass for eksport. Målet er å kutte utslepp, men prosjektet vil bruke mykje straum frå det regionale kraftnettet.
Saka skal opp til votering i Stortinget 5. februar.