Israel: Symbolsk klokke for 7. oktober-gissela stoppa
Ei klokke på eit torg i Tel Aviv blei tysdag ettermiddag stoppa etter 843 dagar, melder Haaretz.
Klokka har telt tida sidan Hamas-angrepet mot Israel i oktober 2023 og har markert kor lenge gislane har vore haldne i fangenskap.
Stansen kjem etter at israelske styresmakter måndag opplyste at dei har funne leivningane av det siste gisselet.
Det var Ran Gvili (24), ein polititenestemann som ikkje var i teneste då han blei drepen under angrepet.
Plassen har også vore eit samlingspunkt for demonstrantar som har kravd at regjeringa til Benjamin Netanyahu skulle gjere meir for å sette gissela fri.