Haaland får gullballen for sjette år på rad
Noregs Fotballforbund tildeler Erling Braut Haaland og Caroline Graham Hansen gullballen for 2025.
Begge har no vunne den høgthengande prisen seks gonger.
– Ein blir veldig audmjuk og stolt over å få denne prisen igjen, seier Hansen.
Gullballen blir delt ut av Noregs Fotballforbund kvart år, der årets beste kvinnelege og mannlege fotballspelar får prisen.
– Det er stort å vinne han igjen. Det er moro, og eg set stor pris på det, seier Haaland om tildelinga.
I dag blei det også klart at Haaland var kåra til Årets idrettsnamn 2025 av norske sportsjournalistar.