Innfører aldersgrense på neglelim
Fleire barn har fått branskadar etter å ha brukt neglelim frå Normal.
No innfører butikkjeden 16-års aldersgrense på all neglelim og etter fleire bekymringsmeldingar fjernar dei produkta som har ført til skade.
Neglelimprodusenten W7 beklagar hendinga og understrekar at neglelim generelt kan gi irritasjon ved feil bruk.
Dei opplyser at produktet er tydeleg merka med aåtvaringar, inkludert at det ikkje er eigna for barn.
W7 rosar Normal for raskt å ha innført kjøpsbegrensingar.