475 gripne i razzia mot Hyundai-fabrikk i USA
Det amerikanske immigrasjonspolitiet ICE aksjonerte fredag mot ein Hyundai-fabrikk som er under bygging i delstaten Georgia.475 arbeidarar blei pågripne og varetektsfengsla.
Ifylgje Trump-administrasjonen skal alle ha arbeida ulovleg i USA, og nesten 300 av dei var frå Sør-Korea.
Fabrikken er ein av bilgiganten sine største investeringar i landet.
I kveld seier sørkoreanske styresmakter at dei håpar sørkoreanarane blir tatt godt vare på i varetekt.