Straumbrot i Bergen
Til saman 4133 kundar er råka av eit straumbrot i Bergen, ifølgje BKK sitt straumkart.
Dei fleste av dei råka er i området Åsane, og eit lite område i Sandviken.
Pressevakt i BKK, Ann Kristin Skorpa seier til BT at det er folk på veg for å drive feilsøking.
– Det ser ut til at ein kabelfeil er utfordringa. Vi prøver å få retta det så fort som mogleg, seier ho til BT.