Fire personar arrestert etter grov valdshendinga i Ålesund
Fire personar er arrestert og mistenkt for å ha utsett ein person for grov vald i Ålesund natt til søndag. Dei arresterte skal vere menn i alderen 20 –50 år.
Det vart først pågrepe tre menn. No klokka 11:45 blei det meldt at endå ein person, ein mann i 20-åra også er pågrepe.
Det opplyser Møre og Romsdal politidistrikt i politiloggen laurdag morgon.
– Saka blir etterforska både taktisk og teknisk, skriv operasjonsleiar Tove Susann Brunnvold Holst-Dyrnes.
Personen som vart skadd, er innlagt på Ålesund sjukehus etter valdshendinga . Vedkommande vart funnet ute, men var bevisst da naudetatane kom til staden.