Sikta kvinne blir avhøyrt etter dødsfall i Florø
Ei av kvinnene som er sikta for brot på hjelpeplikta etter eit dødsfall i Florø, skal avhøyrast neste veke. Det opplyser politiadvokat Are Nygård Bergh.
Laurdag blei ei kvinne i 20-åra funnen livlaus i ein bustad. Politiet meiner dødsfallet skuldast ei ulukke, men har sikta to kvinner for å ikkje ha gitt naudsynt hjelp.
Den førebelse obduksjonsrapporten er klar, men politiet vil ikkje gå ut med dødsårsaka av omsyn til etterforskinga
– Rapporten gir ikkje grunnlag for å utvide siktinga mot kvinnene, seier Bergh.