Jobbtal i USA overraskar
Det vart skapt 147 000 nye jobbar i USA utanfor landbruket i juni, viser tal frå det amerikanske statistikkbyrået.
«Non-farm payrolls» blir av mange beskrive som månadens viktigaste tal, fordi det seier mykje om aktiviteten i amerikansk økonomi.
Det kom som ei overrasking på marknaden at det vart skapt såpass mange jobbar.
Arbeidsløysa gjekk ned til 4,1 og ikkje opp til 4,3, slik mange hadde venta, i juni.
– Dette gir sentralbanksjef Jerome Powell rett, og vil gi han fleire argument for å vente med rentekutt, seier seniorstrateg Dane Cekov i Sparebank 1 Markets.
President Donald Trump har lenge gått hardt ut mot sentralbanksjefen, som så langt ikkje har valt å kutte styringsrenta. Nokre har venta at Powell ville kutte renta på neste rentemøte i juli, men det er heilt utelukka no, meiner Cekov.
Dollaren styrka seg og rentene på amerikansk statsgjeld gjorde eit byks, etter at jobbtala vart publiserte.