Foreslår klimakrav til offshorefartøy
Regjeringa vil kutte utsleppa frå offshorefartøy.
Miljødirektoratet sender på høyring ei ny forskrift som pålegg selskapa på norsk sokkel å redusere klimagassutslepp frå skip i petroleumsverksemder.
– Med dette legg vi til rette for at skipsfarten kan gå mot nullutslepp i 2050. Dei nye krava vil gi betydelege utsleppskutt og teknologiutvikling.
Det seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) i ei pressemelding.
– Vi støttar målet om å redusere utslepp frå offshoreflåten, samt målsetjinga om å stimulere til teknologiutvikling. Men særnorske krav som overlappar internasjonale regelverk bidreg ikkje nødvendigvis til raskare utsleppskutt – snarare tvert imot.
Det seier Hans Sande, administrerande direktør i Norsk Sjøoffisersforbund i ei pressemelding frå Sjøoffisersforbundet.