Mann sikta for valdtekt – blir fengsla vidare
Ein mann i 20-åra blir fengsla i fire nye veker. Det er klart etter eit fengslingsmøte i Sunnmøre tingrett. Mannen blei arrestert i juni, sikta for brot på straffelova §299 a og c, som omhandlar valdtekt av barn under 14 år. Dette skal ha skjedd på eit ferjetoalett i Møre og Romsdal.
Mannen frå Vestland erkjenner ikkje straffskuld for det han er sikta for. Han samtykka heller ikkje til vidare fengsling og bad om å bli lauslaten.
Retten meiner at det er ei fare for at mannen vil øydelegge bevis og at han kan kome til å kontakte og påverke vitne om han blir sleppt fri. Dommaren har også vektlagt at etterforskinga framleis er i ei innleiande fase og saka sin karakter. Han gjekk difor med på politiet sitt krav om å fengsle den sikta i fire nye veker.
Mannen sin advokat opplyser til NRK at dei ikkje kjem til å anke fengslinga.
Frå før av er mannen sikta for totalt 13 seksuallovbrot. Fleire av dei mot barn under 14 år, som han skal han ha kome i kontakt med via Snapchat. Desse sakene er under etterforsking i andre politidistrikt.
Politiadvokat Kirsti Hammerø seier dei er i gang med å gå gjennom digitale beslag og for å undersøke om det kan vere fleire fornærma i saka.