Ektepar fengsla i fire nye veker – sikta for grovt tjuveri
Eit ektepar som er sikta for grovt tjuveri blir fengsla vidare.
I mai blei dei to arresterte ved eit kjøpesenter på Moa i Ålesund.
Politiet har bedd om at dei to skal sete fengsla i fire nye veker.
Kvinna har erkjent straffskuld, men mannen nektar for å ha vore involvert. På fengslingsmøte hevda mannen at det er kona hans som står bak tjuveria.
Retten har lagt vekt på at dei sikta blei arresterte med ein bil som var fullasta med tjuvegods og at dei skal ha brukt denne bilen til å køyre rundt i Noreg.
Retten meiner det er ei fare for at dei to vil unndra seg straff dersom dei blir sleppt fri og går med på å fengsle dei i vidare. Saka skal etter planen opp i slutten av august.