Tysk kanslar blir kritisert for pride-uttale
Tysklands kanslar Friedrich Merz får kritikk etter at han sa at regnbogeflagget ikkje burde heisast ved Forbundsdagen under den årlege pride-paraden i Berlin.
Han skal ha sagt at parlamentet «ikkje er eit sirkustelt», ifølgje nyheitsbyrået AFP.
I mai sa Julia Klöckner, den nye konservative presidenten for Forbundsdagen, at flagget berre skal heisast éin gong i året, på den internasjonale dagen mot homofobi.
Tidlegare vart det også heisa under Christopher Street Day (CSD), som er Berlins pride-parade.
Avgjerda har fått reaksjonar frå både LHBTQ-aktivistar og politikarar. Merz forsvarar avgjerda og sa i eit intervju med TV-kanalen ARD at det berre finst éin dag i året der regnbogeflagget bør heisast.
– Alle andre dagar skal det berre vere det tyske og det europeiske flagget, sa han.
LHBTQ-organisasjonen LSVD meiner Merz fornærma skeive.
– Regnbogeflagget er ikkje eit sirkusrekvisitt, men eit symbol på mangfald og menneskerettar, sa styremedlem André Lehmann til TV-kanalen ZDF.
Sophie Koch, som er regjeringa sin LHBTQ-kommissær, meiner det å heisa flagget under pride-paraden ville sendt eit sterkt signal om støtte til skeive sine rettar.
– Ei slik forståing burde ein forbundskanslar ha, sa ho.