Evakuerte på Kreta etter terrengbrann
Fleire hotell på den greske øya Kreta har blitt evakuerte på grunn av kraftige terrengbrannar. Tre område ved Ierapetra sør på øya. Kraftig vind gjer at brannane har spreidd seg raskt.
Lokale styresmakter opplyser at fleire enn 1500 personar er evakuerte frå heimar og hotell. Det er venta at fleire må flykte frå flammane.
Ingen skal vere alvorleg skada, sjølv om fleire er utsette for røyk.
Fleire enn 150 brannmannskap kjempar mot flammane på bakken. Frå lufta bidrar både fly og helikopter i sløkkinga. (NTB)