Nobelprisvinnar Ivar Giæver er død
Den norske vitskapsmannen Ivar Giæver er død, 96 år gammal. Han vann nobelprisen i fysikk saman med to andre i 1973.
Ifylgje ei dødsannonse i Aftenposten torsdag døydde Giæver 20. juni i Schenectady i den amerikanske delstaten New York, der han budde.
Giæver blei fødd i Bergen 5. april 1929, og vaks opp på Gjøvik. Han flytta til USA på 50-talet.
Han blei tildelt nobelprisen for arbeidet med elektron-tunnelering. I 1985 blei Giæver æresdoktor ved Norges tekniske høgskole (NTH), som seinare blei NTNU. (NTB)