Fleire sakna etter brann i fyrverkerilager
I California er sju personar sakna etter ein eksplosjon i eit fyrverkerilager, som starta ein stor brann.
Fleire blei evakuerte utanfor Sacramento i den amerikanske delstaten. Det er uklart om dei sakna er tilsette ved fabrikken, eller om dei budde i nærleiken.
Årsaka til eksplosjonen er ikkje kjend. Framleis er det for varmt på staden til å starte etterforsking. Det opplyser sheriffen, ifylgje NTB.
Lokale styresmakter i Sutter og Yuba ser no etter andre måtar å feire nasjonaldagen 4. juli på, sidan fyrverkeriet deira blei øydelagd i eksplosjonen.