FHI: Sannsynleg med covid-19-bølge i vinter
Det er sannsynleg at me denne vinteren får ei bølgje med covid-19 og epidemiar av influensa og RSV-infeksjon samt kanskje også kikhoste og Mycoplasma pnemoniae-infeksjonar, skriv FHI i ei risikovurdering for luftvegsinfeksjonar vinteren 2023–24. covid-19-bølgja er pågåande, skriv dei.
– Det har vore ei auke i smittespreiing i befolkninga gjennom fleire veker. Det kan sjå ut som auken har minka noko den siste veka, skriv FHI i sin ferske vekerapport.
FHI seier sjukehusa og helsetenestene må førebu seg på fleire sjukdomstilfelle.
– Belastninga på helsetenesta er begynt og kan bli langvarig dersom bølgjer og epidemiar kjem etter kvarandre, seier Trygve Ottersen i FHI.
I tillegg vil eit stort sjukefråvær belasta samfunnet generelt, skriv FHI. FHI oppfordrar folk i risikogruppa, samt helsepersonell, om å vaksinera seg mot influensa og covid-19.
Befolkinga elles bør følga rådene om hoste- og handhygiene, og halde seg heime dersom dei blir sjuke med luftvegssymptomer, skriv FHI.