Forsvarar vil at storebroren skal frifinnast i overgrepssak
– Eg meiner det er heilt klart at han må frifinnast, sa forsvarar Alexander Gonzalo Sele i si prosedyre i Hordaland tingrett torsdag. Han forsvarar storebroren som er ein av dei fire tiltalte i overgrepssaka som dei siste tre månadane har gått for Hordaland tingrett. Tysdag la aktor fram kva ho meiner er rett straff for dei tiltalte. Ho meiner storebroren bør få 10 år i fengsel.
Dei fire tiltalte er frå same nabolag i ein kommune i Hordaland. Mannen i 20-åra som er kjend som «storebroren» er tiltalt for grove overgrep mot sine to yngre søsken. Overgrepa skal han ha gjort saman med foreldra sine, ifølgje tiltalen. I tillegg til dei tre er også ein mannleg nabo tiltalt i saka. Alle barna var under ti år gamle då overgrepa mot dei starta.