Forbrukarrådet og fleire klagar Meta inn til EU
Forbrukarrådet og 18 europeiske systerorganisasjonar har klaga inn Meta sin «ja eller betal»-modell til EUs forbrukartilsynsnettverk (CPC) for urimeleg handelspraksis, melder NTB.
Selskapet Meta som eig Facebook og Instagram krev at ein anten må godta overvaking og tilpassa reklame, eller betala seg ut av det. – Informasjonen fra Meta er uklar, misvisande og gir forbrukarane ei falsk kjensle av kontroll over eige personvern. Selskapet stresser også brukarane til å velja før dei får tilgang til kontoane sine, seier fagdirektør Finn Lützow-Holm Myrstad i Forbrukerrådet til NTB.