Varslar nytt valstyremøte i morgon
Klokka 17 møttest valstyret i Bergen igjen etter at Martin Smith-Sivertsen på Høgre si liste ikkje var valbar. I møtet blei det avgjort at dei ventar til i morgon med å bestemme seg for om dei skal telje opp att stemmene i Bergen eller ikkje.
– Spørsmålet er om ei omteljing må til for å sikre legitimitet. Eg for min del har stor tiltru at valresultatet er rett. Samtidig lurer eg på om det ville vere fornuftig å gjere ei oppteljing for å sikre at alle har tiltru til resultatet. Det kan vere klokt å tenke gjennom dette nøye, sa SVs Mikkel Grüner.
– Eg trur sannsynet for at oppteljinga no er feil, er veldig lita, sa Ove Sverre Bjørdal (Sp).
Fleire av dei andre representantane la fram same syn. Frp bad om å få ei oversikt over alle slengarane, personstemmene, for å sjå kor dei har kome frå.