Nato sender reservestyrke til Kosovo
Nato seier tysdag at dei utplasserer ekstra styrkar i Kosovo etter at det oppstod samanstøyt mellom serbiske demonstrantar og fredsbevarande styrker måndag kveld.
30 av soldatane, deriblant 19 ungararar og 11 italienarar, blei skadd. Nokon fekk brannskadar, mens andre fekk brotskadar.
Konflikten har sin bakgrunn i at eit kosovoalbanske parti for nokon veker sidan vant lokalvalet i den serbiskdominerte regionen nord i Kosovo. Årsaka til valsigaren er at nesten heile den serbiske minoriteten boikotta valet slik at valdeltakinga enda på 3,5 prosent.