Mann i 20-åra tiltalt for drapsforsøk
Ein mann i 20-åra er tiltalt for drapsforsøk på Nordfjordeid i fjor haust. Mannen skal ha stukke ein annan med kniv fleire gonger i hals og overkropp. Han skal også ha utsett mannen for vald, mellom anna eit balltre, og stripsa han for å hindre mannen i å komme seg vekk.
Tiltalte skal så ha teke med seg fornærma ut i eit skogsområde, der knivstikkinga skjedde.
Påtalemakta meiner handlinga vart gjort i psykotisk tilstand, og vil krevje overføring til tvungen psykisk helsevern.
– Ein sentral del av etterforskinga har vore å sjå om det finst motiv. Vårt syn er at dette er eit utslag av sjukdomsbiletet hans, seier statsadvokat Kristine Herrebrøden ved Hordaland, Sogn og Fjordane statsadvokatembeter.
– Dette er heilt klart ei alvorleg sak der fornærma hadde flaks for at det gjekk så bra som det gjorde, seier Herrebrøden.
Det er sett av fire dagar til saka, som skal opp i Sogn og Fjordane tingrett 11. september.
Mannen sin forsvarar Paul – Inge Angelshaug seier dei tek tiltalen til etterretning.