Leirmasse har rasa ut- ein person skadd
Ein person er frakta med luftambulanse til sjukehus etter ei arbeidsulykke på Ullaland i Naustdal.
Arbeidsulykka skjedde i samband med at ei gravemaskin jobba på staden. Det skal ha rasa ut leirmassar, og dette fekk mannen over seg.
Totalt var det fire personar til stade då hendinga skjedde.
Mannen er vaken og medviten. Det er ikkje fare for nye ras, melder politiet, som fekk vite om ulykka 17.45.
Operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen seier arbeidaren hamna delvis i massane og blei skadd. Han var vaken og bevisst då han blei henta av ambulanse og frakta til sjukehus.
– Eg kjenner ikkje til skadegraden, seier operasjonsleiaren.
Politiet er på staden og jobbar med å finne ut kva som har skjedd.
Brannmannskap frå Naustdal er på staden. Mannen sat ikkje fastklemd.
– Uhellet skjedde i samband med gravemaskin-graving. Ein kant losna og ramla ned på ein person. Dei tre andre greidde å grave vekk jorda frå vedkommande, seier Dan Inge Gjesdal i 110 Vest,.
Det er ukjent kor mykje jord arbeidaren fekk over seg.