Kinn held fram som storkommune
Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) velsignar at tidlegare Flora og Vågsøy kommunar held fram som ein storkommune. Saka har vore omstridd, og spesielt innbyggjarane i Vågsøy-delen har ynskt splitting. Gjelsvik viser til at både innbyggjarane og kommunestyret har gitt sitt råd til å halde fram som storkommune. – Difor avsluttar regjeringa no prosessen som kommunen sjølv tok initiativ til, seier han.
Kinn-ordførar Ola Teigen (Ap) seier det var greitt å få den formelle stadfestinga. – No kan vi stake ut vegen vidare for Kinn, seier Teigen.
Sjølv om den endelege stadfestinga kom i dag, trur ordføraren ein del framleis vil vere misnøgde og ønske seg deling. Han håper likvel alle vil samle seg om Kinn slik at dei får ro til å bygge opp kommunen.