VAR-drama då Manchester United klatra til tredjeplass på tabellen
Manchester United snudde og vann kampen mot Crystal Palace i Premier League søndag ettermiddag.
Crystal Palace fekk ei draumeopning på Old Trafford då Maxence Lacroix stanga inn leiarmålet etter ein presis corner allereie i det fjerde speleminuttet.
Etter pausen snudde det då Matheus Cunha vart spelt gjennom aleine med keeper i det 52. minutt. Målscorar Lacroix heldt akkurat for lenge på skuldra til brasilianaren og han fall inne i 16-meteren.
Etter fleire minutt med VAR-sjekk endar dommar med straffe og raudt kort til franskmannen. Bruno Fernandes sette straffa sikkert i mål.
Få minutt seinare fann Fernandes fram silkefoten. Inne i feltet fekk Benjamin Sesko sprunge seg fri og stanga ballen kontant i mål.
Med ein mann meir heldt heimelaget stillinga kampen ut og vinn 2–1.
Manchester United tek tre viktige poeng og klatrar opp på ein tredjeplass i Premier League. Jørgen Strand Larsen var eit uromoment før han vart bytta ut etter timen spelt. Crystal Palace ligg på ein 15. plass.