Skal kjempe om medalje på femmila: – Håpar Karlsson går på ein smell
På søndag skal kvinnene gå sin siste langrennsøving i OL.
Heidi Weng, Astrid Øyre Slind, Kristin Austgulen Fosnæs og Karoline Simpson-Larsen er tatt ut til å gå 50 kilometer, søndag.
Det kom fram på pressetreffet, torsdag.
– Eg har lyst å ha med meg ein medalje, eg føler eg har vore nære, seier Astrid Øyre Slind til NRKFrida Karlsson vann VM-femmila i Granåsen i fjor. Ho har også to gull frå meisterskapet i Italia.
– Korleis skal ein slå Karlsson?
– Eg håpar ho går på ein smell. Ho har vist at ho ikkje er umenneskeleg på stafetten, innrømmer Slind.
Heidi Weng var ikkje til stades då den norske den andre trioen snakka om eigne forventningar.
Weng har tidlegare i leikane tatt ein bronse på 20-kilometeren med skibyte. I fjor var ho nest best bak Frida Karlsson på VM-femmila i Granåsen.
Kvinnene går klokka 10 på søndag.