Vil granske Liverpool-Atletico
Den britiske regjeringa vil prøve å finne ut om meisterliga-kampen mellom Liverpool og Atletico Madrid 11. mars hadde bettydning for utbreiinga av korina-smitten. Over 50.000 menneske var på tribunene på Anfield. 3000 av dei kom frå Madrid, som allereie då hadde innført tiltak på grunn av sterk spreing av virus-smitten. Det er registrert 246 korona-relaterte dødsfall på sjukehusa i Liverpool. Angela McLean, som er medisinsk rådgjevar for regjeringa, sa i går at det ikkje er funne konkrete band mellom kampen og korona-utviklinga i Liverpool og Madrid. – Men det blir interessant i framtida å finne ut om det er npkon samanheng, sa McLean ifølgje BBC. Kampen var den siste i meisterligaen før all internasjonal fotball blei stengd.