Ødemarksbakken frå LSK til AaFK
Aalesund har signert midtbanespelar Kristoffer Ødemarksbakken frå Lillestrøm. 25-åringen har skrive under på ein treårskontrakt.
Ødemarksbakken har vore i Lillestrøm sidan 2018. I fjor var han lånt ut til Ull/Kisa og noterte seg for fem skåringar på 17 kampar.
For LSK vart det ni kampar, men berre to av dei frå start. No blir det ein ny sesong i førstedivisjon (NTB)