Millionar til handball og hockey
Norges Handballforbund får 27,3 mill kr og Norges Ishockeyforbund 26,4 mill kr frå kulturdepartementets tredje krisepakke.
Det viser Lotteri- og stiftelsestilsynets oversikt. Dei to forbunda får klart mest av dei 373 millionar kronene som blei utbetalte.
For handballforbundet er ein del av pengane kompensasjon for at VM før jul måtte avlysast og flyttast til Danmark.