Wikipedia-forbod oppheva i Tyrkia
I Tyrkia har ein domstol heva forbodet mot nettleksikonet Wikipedia, melder AFP. Nettbrukarar i Ankara og Istanbul melder onsdag kveld om at det er mogleg å gå inn på Wikipedia. Tyrkia har blokkert nettstaden sidan 2017.