Rasfarlege «Mannen»
Mannen er eit fjell på 1294 meter over Horgheim i Romsdalen. Fjellpartiet er blant dei mest overvaka i landet, og er nøye kontrollert av geologar i NVE. At fjellpartiet fell ned før eller seinare, er ekspertane samde om. Spørsmålet er berre når.