Sørum og Mol til sin 7. finale
Anders Mol og Christian Sørum er klar for sin sjuande finale i verdscupen i år. I semifinalen i Tokyo slo dei nederlandske Alexander Brouwer og Robert Meeuwsen 21-17, 21-17.
I finalen i morgon ventar Nils Ehlers og Lars Flüggen frå Tyskland, som overraskande slo brasilianske Alison/Alvaro Filho.
– Vi spela ein god kamp, og det er heilt crazy å vere i finalen på neste års OL-arena, sa Sørum etter kampen.
Tidlegare i natt slo dei amerikanarane Tri Bourne og Trevo Crabb i kvartfinalen.