Lindvik ikkje til renn i helga
Marius Lindvik har unngått positive prøvesvar trass nærkontakt med smitta Daniel-André Tande, men reiser ikkje til hoppkonkurransane i tyske Titisee-Neustadt.
Dermed har Lindvik gjort unna sine siste teljande hopp før avreise til Beijing-OL. Han har vunne dei to siste individuelle konkurransane og er nummer tre i verdfscupen.
Avgjerda var venta. Bråthen signaliserte allereie tysdag overfor NTB at Lindvik kunne komme til å bli heime. Det sa han etter at OL-uttatte Tande i likskap med Fredrik Villumstad hadde fått påvist korona. Begge var sist helg ein del av troppen i polske Zakopane.