Utbrot av mutert virus
Det er påvist eit utbrot av den britiske mutasjonen av koronaviruset i Nordre Follo, det melder kommunen. Første tilfelle vart oppdaga torsdag. Denne varianten har no spreidd seg til fleire verksemder i kommunen, og alle som bur der blir bedne om å ikkje reise ut av kommunen. Kjøpesenter, skular og barnehagar blir stengde.