Pedersen nr 2 etter første dag
Sverre Lunde Pedersen er nummer to samanlagt etter første dag av allround-EM i Heerenveen. Han gjekk 5000 m på 6.19,97 og blei nummer sju på distansen. Patrick Roest leier samanlagt etter å ha vunne 5000 på 6.10,25.
Pedersen er på andreplass samanlagt. Han vann 500 m på 36,25, og må slå Roest med 2,5 sekund på 1500 m søndag for å gå forbi.
Hallgeir Engebråten er på fjerdeplass samanlagt. Han blei nr tre med 36,67 på 500 m og nr åtte på 5000 med 6.22,24.
Peder Kongshaug er nummer 15.
Norge har ikkje hatt ein europameister i allraound sidan Johann Olav Koss i 1991.
Dette er resultatlista frå første dag.
I kvinneklassen er Ragne Wicklund nr 7, Ida Njåtun 11, og Sofie Karoline Haugen 15.