Ingebrigtsen langt unna medalje
Filip Ingebrigtsen var aldri i nærleiken av å kunne forsvare EM-gullet i terrengløp i Lisboa. 26-åringen klarte ikkje å vere med i tetgruppa som sette stort tempo frå start og til slutt blei det ein 12.-plass på Ingebrigtsen, 52 sekund bak gullet. Langrennsløpar Didrik Tønseth låg lenge i rygg på Ingebrigtsen, men det blei litt tøffare mot slutten og trønderen kom inn til ein 25.-plass i meisterskapsdebuten i løping. Svenske Robel Fshia tok gullet med tida 29.59 på den 10,2 kilometer lange distansen.