Solskjær opprørt over avisforside
Ole Gunnar Solskjær reagerer sterkt på forsida til den italienske avisa Corriere dello Sport. – Den verste forsida eg har sett, seier Solskjær. Avisa har slått opp eit bilde av dei tidlegare United-spelarane Chris Smalling og Romelu Lukaku med tittelen «Black friday». Dei spelar i kveld mot kvarandre når Roma møter Inter.
– Eg jobbar ikkje i dykkar bransje, men wow. Me ser mykje rart her også, men ikkje dette. Dette må bli slått ned på, sa Solskjær til det engelske pressekorpset.
Solskjær seier han har vore i kontakt med begge spelarane.
– Dei veit dei har støtta vår. Manchester United møter byrival Manchester City laurdag kveld.